Monthly Archives: februar 2009

Snø

Det kom tjue cm snø frå i går kveld og fram til i kveld. Vestavêr og snøbyer. Overskya eller skya. Opp i bris i byene, elles svak vind. Ei kuldegrad i dag, to no i kveld. Mindre snø lengre vest. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordvesten og nedbøren

Vind frå nordvest er beinaste pålandsvinden på Sunnmøre. Då vert nedbøren ført langt inn, spesielt når nedbøren kjem i byer og det bles nok. I slike situasjonar er det indre og midtre strok som får mest nedbør. Men også stader … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Kaldt

Siste dagane lettskya. Inne på Vaksvikfjellet var det -10 grader i går om morgonen. Mykje sol i går, mindre i dag. Nattetemperaturar ned til -9. I dag var det mildare, mest på grunn av skydekket. Kortvarig overskya før middag. Eit … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbørfordeling i vest-nordvestleg vind

Vind frå vest-nordvest brukar det ikkje å vere så lenge om gangen. Enten dreier vinden frå sørvest og forbi denne retninga og vidare mot nord, eller så dreier vinden attende på sørvest. Nedbøren som kjem frå denne retninga kjem ofte … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Kvitt

Eit tynt lag nysnø i natt, 3 cm. Lettskya og sol i dag, -2 grader. Det var ned i -4 i natt. Utflytande fjørskyer dekker mykje av himmelen. I sume fjell lengre vekk finst det skoddeflak høgt oppe. Stilt eller … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren i vestavêr

Vestavinden kjem oftast etter at vinden har dreia over frå sørvestleg. Når vinden har vestleg er ofte eit nedbørområde passert, og nedbøren kjem i form av byer. Langt frå alltid. Korleis nedbøren fordeler seg er avhengig ikkje berre av vindretning … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Turt

Vêret i det siste har vore turt og til dels mildt. Godt med sol både laurdag og mandag. Laurdag var det mild bris frå søraust. Søndag skya det til med låge bukleskyer som gøymde fjella. Nesten lågt nok nede til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget