Nedbøren i nord-nordaustleg vind

Vind frå nord-nordaust går svært skrått inn mot kysten på Sunnmøre. Slik retninga er må ein vente at tyngda av nedbøren kjem nær kysten. Om vinteren kjem nedbøren frå denne vindretninga i byer. Luftstraumen har kanskje kome frå land lengre nord på norskekysten, teke opp fukt frå havvatnet utafor kysten for så å gå på land att og legge frå seg fukta i snøbyer. Nedbøren på Sunnmøre er nokså jamt fordelt i slike situasjonar. Typisk kjem det 5 mm nedbør om vêret er det same eit døgn. Målt i snø vert dette 5 cm. Indre strok får kanskje litt mindre nedbør enn midtre og ytre strok, men skilnaden er liten. Geiranger får like mykje nedbør som dei fleste stader med målestasjon. Snøbyene har gått mange mil over land før dei kjem dit. Denne ferda tek kanskje tre timar. Men det er kanskje så lenge ei snøbye varer før intensiteten minkar. I nord-nordaustleg vind er også målestasjonane i ytre strok påverka av fjell. Vigra ligg bakom Lepsøya. Kva dette gjer med nedbøren er vanskeleg å seie.

Norddal og Ørskog er målestasjonane med minst nedbør. Også Ekset i Volda får i underkant. Kanskje er fjella for langt unna eller for små i akkurat denne retninga?

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.