Nordavinden og nedbøren

Nordavinden bles skrått inn mot kysten på Sunnmøre. Pålandsvinden gir nedbør, og om vinteren kjem denne i byer fordi havflata har relativt høg temperatur. Effekten av pålandsvinden er så sterk at det meste av nedbøren fell i midtre og indre strok. 10 – 20 millimeter er det vanlege om nordavinden får halde fram eit døgn. Om vinteren brukar dette å kome som snø, då vert det 10 – 20 centimeter. Ytre strok får halvparten eller tredjeparten. Nedbøren som kjem innafor dei første fjella nordavinden møter vert nokså jamt fordelt. Snøbyene spreier nedbøren langs rutene sine i staden for å legge att mykje på bestemte stader. Likevel viser det seg at nedbøren er størst i fjella. Geiranger er mellom dei stadene som får rikeleg nedbør. Der har nordavinden passert så mange fjell at mykje nedbør bør ha falle ut på vegen. Men i Geiranger er fjella så bratte og nære at fjorden får den same nedbøren som fjella får. Nedbør som vert utløyst over fjella har kort veg med vinden og ned i bygda.

To vêrstasjonar på indre strok merker seg ut med mindre nedbør enn andre målestasjonar i fjordstroka. Litt over halvparten ser det ut til ut i frå ei gransking av nokre typiske situasjonar. På Stranda går vinden nokså rett inn fjorden. Stranda har ei lang strekning av fjorden rett i nord, noko som gjer at byene går forbi medan dei legg frå seg moderate nedbørmengder. I Norddal ligg fjorden på tvers av denne retninga. Fjella på nordsida ligg eit godt stykke unna. Dette kan vere ein grunn til at nedbøren i nordavind er mindre enn dei næraste stadene med vêrobservasjonar.

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.