Vind frå nord-nordvest går nesten beint inn mot Sunnmørskysten slik at lufta vert kraftig heva og nedbøren vert ført langt inn. Nokre stader er nedbøren mindre enn i nordvestleg vêr. På Ekset i Volda og på Hustad ved Sæbø har nedbøren vore målt lenge. Det ser ut til at vinden går beint inn Hjørundfjorden og at dette gjer nedbøren moderat nær fjorden. I fjella til sides for Hjørundfjorden er nedbøren stor mange stader. Og kanskje er det slik at luftstraumen som går inn fjorden vert tvinga til vêrs inne i enden og gir frå seg mykje nedbør der? På Ekset er det kanskje slik at vinden kjem inn Ørstafjorden og går over det låge eidet mot Voldsfjorden? Eit blikk på kartet kan gi sånne idear. Kartet seier lite om terrengpåverknad i mindre skala. Målestasjonen på Velle i Ørsta fekk mykje nedbør i denne vindretninga. Der har luftstraumen fått eit løft i fjella mellom Vartdal og Ørsta. Stranda får mindre nedbør enn i nordvestleg vind. I Geiranger derimot kjem der meir nedbør når vinden dreier frå nordvest til litt meir nordleg. Då får dei to stadene i blant like mykje. Kanskje kan nord-nordvestleg vind gå inn fjorden forbi Stranda for så å møte fjell som tvingar luftstraumen til vêrs utafor Geiranger?
Som for andre vindretningar med pålandsvind vert det slik også i nord-nordvestleg vind at største mengdene nedbør fell nærare kysten når nedbøren er samanhengande nokre timar, medan byene fører nedbøren lengre inn. Byene fører mykje nedbør heilt inn i Tafjorden, og denne årstida kjem nedbøren som snø i alle høve der inne. Nedbørstasjonen på Grønning i Valldalen verkar derimot litt skjerma i dette vêret. Kanskje har byene passert så mange fjell at nedbøren har falle ut før, eller kan det vere at fjella tvingar byene til sides?