Nordvesten og nedbøren

Vind frå nordvest er beinaste pålandsvinden på Sunnmøre. Då vert nedbøren ført langt inn, spesielt når nedbøren kjem i byer og det bles nok. I slike situasjonar er det indre og midtre strok som får mest nedbør. Men også stader som ligg rett innom dei ytre kystfjella får ein del. Ytste kysten får lite. Nedbørstasjonane på Vigra og Hildre syner at det meste av nedbøren går forbi enten det er byer eller samanhengande nedbør. Kjem det samanhengande nedbør, i samband med ein kaldfront eller fordi lufta er fuktig og vert raskt heva i kuling, kjem det mykje nedbør i midtre strok. Noverande eller tidlegare vêrstasjonar i Fiskå, Volda, Ørsta og ved Sæbø ligg alle innafor mindre eller større fjell som har heva lufta og forsterka nedbøren. Vidare inn over land vert fjella stendig høgare, slik at lufta framleis hevar seg inn mot dei indre stroka, der det også er rikeleg nedbør i sånne situasjonar.

Kjem nedbøren i byer, slik det brukar gjere når det bles frå nordvest, kjem det mest nedbør i indre strok. Kanskje er det nedbørstasjonen på Stranda som får mest då. Her har lufta passert fjella mellom Sykkylven og Stranda og fått eit kraftig løft. Ørskog får mykje nedbør i nordvestleg vind. Luftstraumen har passert fjell frå Gamlemsveten og innover, og om fjella ikkje er høge så ligg dei på tvers og hevar lufta.

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.