Nedbørfordeling i vest-nordvestleg vind

Vind frå vest-nordvest brukar det ikkje å vere så lenge om gangen. Enten dreier vinden frå sørvest og forbi denne retninga og vidare mot nord, eller så dreier vinden attende på sørvest. Nedbøren som kjem frå denne retninga kjem ofte i form av byer, om vinteren gjerne snøbyer. Eller hagl. Andre gonger kjem nedbøren samanhengande frå utstrekte nedbørområde. I desse tilfella kan det kome ein god del nedbør litt innafor kysten fordi pålandseffekten og hevinga mot fjella verkar sterkt. Likevel er nedbøren mindre enn det som kjem ved sørvestlege vindar. Samanhengande nedbør i vest-nordvestleg vind kjem i kaldfrontar eller samanklappa frontar, såkalla okklusjonar. Når nedbøren kan verte ganske stor kjem det av at luftstraumen vert heva mot fjella. Hevinga er størst tett innafor kysten. Då det vart teke nedbørmålingar på Brandal utmerkte denne staden seg med mykje nedbør, også i vest-nordvestleg vind. Brandal ligg bakom fjell i slik vind, og desse fjella når opp i over 600 moh. Det er ei stor heving rett frå havflata. Lengre inne er hevinga helst mindre sjølv om fjella er høgare. Det er langt inn til Tafjorden, og fjella der er berre nokre få hundre meter høgare enn t.d. i Sykkylven. Tilleggseffekten frå fjella på nedbøren vert kalla orografisk nedbør eller orografisk forsterka nedbør. I motsetning til frontnedbør som er jamnare fordelt i rom, og meir ujamnt fordelt i tid. Denne nedbøren kjem i samband med frontar som fylgjer lågtrykka. Det meste av nedbøren vi opplever er ein kombinasjon av fleire høve som løyser ut vassdampen frå lufta og skyene.

Når nedbøren i vest-nordvestleg vind kjem samanhengande er mengda størst i ytre halvdelen av Sunnmøre, men ikkje heilt ytst på kysten. Stader lengre inne i fjordane kan også få ganske mykje nedbør. Som Stordalen. Overøye hadde nedbørmålingar i lengre tid. Der kjem vinden over fjell etter å ha gått over eit lengre stykke med låglendte øyar og til dels fjordar. Lengre inne kjem det mindre, og best skjerma er Geiranger, der vinden har passert mange fjell.

Annleis er det når nedbøren kjem som byer, sjølv om vindretninga og styrken er den same. Då vert nedbøren ført lengre inn, og inste halvparten av Sunnmøre får mest. Byeskyene og haugskyene kjem inn mot kysten, heving mot fjella forsterkar turbulensen, og skyene utviklar seg vidare. Det tek tid før desse skyene er i stadiet der dei gir mest nedbør, og på denne tida har skyene nådd indre strok. Heller ikkje Geiranger er skjerma. Største mengdene i slikt vêr vart gjerne målt på Overøye den tida der vart teke målingar. Denne staden ligg eit godt stykke inn, og hevinga mot fjella er sterk, men vest-nordvesten har heller ikkje passert så mange fjell at nedbøren har falle ut på vegen.

Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.