Vêret i det siste har vore turt og til dels mildt. Godt med sol både laurdag og mandag. Laurdag var det mild bris frå søraust. Søndag skya det til med låge bukleskyer som gøymde fjella. Nesten lågt nok nede til å definerast som skoddeskyer.
Mandag vart kald, og i går om morgonen var det -5 1/2 grader i Nordre Vartdal.
I går skya det til med mellomhøge og høge skyer, og om kvelden var det ein utydeleg ring rundt månen på grunn av eit jamnt utflytande skylag.
I dag har det vore skya eller overskya, lite vind, og litt nedbør i form av snø på ytre strok. Framleis turt lengre inne.