Monthly Archives: januar 2009

Vinter

Det har gått ein halv månad sidan sola snudde, og no har det allereie vorte merkbart lengre lyst om ettermiddagane. Men medan sola stig held gjennomsnittstemperaturen fram med å gå nedover i om lag tre veker til. Det er fordi … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Synnavind

Skya over i dag, framleis stort sett opplett i kveld. Det bles synnavind tidleg i kveld, "liten kuling i kasta". Då var det to varmegrader. Skydraget var frå sørvest.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Sju kuldegrader og lettskya i dag. Over land er det heilt klart, til havs er det skya, truleg til dels byeskyer. Svak vind, typisk frålandsvind ("skjelle") slik det er i kaldt vintervêr. I går var det ei varmegrad. Det brukar å … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kvitt

Overskya, eit dekke av lagskyer, og til dels bukleskyer som tek ned på fjella. Ti cm snø på marka. Flau vind. Opplett.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snøbyer

Spreidde snøbyer i dag, skya eller overskya, skydrag frå nordaust eller litt meir nordleg. Svak vind. Fem cm turr snø.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget