Monthly Archives: januar 2009

Meir synnavind

+7 grader, sør liten kuling, skya, stort sett opplett. Det har kome nokre dropar både i går kveld og i dag, men nedbøren er umerkande, og det held seg turt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Komfortabelt

+ 5 grader før middag, +3 etter middag. Stilt og turt. Meir komfortabelt vêr kan det vanskeleg verte i januar. Overskya. Skydekket bremsar temperaturfallet, men noko temperaturfall er ikkje til å unngå i stilt vêr i januar. Såg ein kvitveis … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjøligare

+5 grader i dag. Sørleg frisk bris. Lettskya. God sikt. Rein luft. Det tyder på at temperaturfallet har vore større i lufta over fjelltoppane enn temperaturfallet på tre grader nede ved fjorden. Her er nokre haugskyer eller bukleskyer. Desse driv … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Synnavinden held fram i dag også. Stiv kuling. Dette er ikkje middelvind. Den er svakare. Vinden er ujamn, og det er vindkasta ein legg mest merke til. I dag er det +8 grader. Vinden verkar avkjølande, men den avkjølande verknaden … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+8 grader, sør liten kuling, skya. Berre mellomhøge og høge skyer. Turt i marka, tøya opp til 100-250 moh. Det har blese synnavind sidan i går, liten kuling eller frisk bris.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

+5 1/2 grad, sørleg laber bris, skya, stort sett opplett. Berrt på markane.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kaldt

Klart om morgonen, sidan lettskya ut over havet, framleis klart inn over land. Seks kuldegrader, søraust svak vind, den vanlege skjella i kaldt vintervêr. På fjelltoppane har det blese i dag, sørleg frisk bris, kanskje liten kuling, etter rennefoket å døme.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaust

I kveld lettskya, for ein stor del stjerneklart, fire kuldegrader. I dag var det skya eller delvis skya, nordaustleg drag i skyene. Snøbyer til om morgonen. Mindre enn fem cm snø i låglandet. Svak vind eller mindre i dag og … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir om januarsnø

På Grønning i Valldalen har det vore målt snødjupner frå 1973. Denne plassen ligg så høgt og så langt frå sjøen at snøen samlar seg opp. Gjennomsnittet for 36 år viser at tidleg i januar har snødjupna i middel vore … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Skya

Regnbyer i dag, skya, tettare skydekke inne i fjella. Ut mot kysten har det vore til dels delvis skya mellom byene. Snøen kjem etter kvart nedover. Rennefok på fjella.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget