Vind frå vest-sørvest er til vanleg litt kjøligare enn sørvesten uansett tid på året. Men vest-sørvestleg vind kan også vere mild, og det er då nedbørområda med mykje nedbør kjem. Elles er vind frå vest-sørvest meir prega av byer enn sørvesten.
Vest-sørvestleg vind fører nedbøren lengre inn over land enn sørvesten gjer. Medan dei indre stroka på Sunnmøre får minst nedbør i sørvestleg vêr, er det dei ytre stroka som får minst i vest-sørvestleg vêr. Midtre stroka får mest. Grovt kan det seiast at indre strok får halvparten av den mengda midtre strok får, og ytre strok får tredjeparten. Men også på ytre strok er der fjell som får nedbøren til å auke kraftig. Brandal fekk mykje nedbør i vest-sørvestleg vêr den tida denne vart regelmessig målt. På indre strok merker målestasjonen på Grønning seg ut med like mykje nedbør som på midtre strok. I midtre strok merker Ørskog seg ut med lite målt nedbør. Der kjem vinden frå vest-sørvest beint inn fjorden utan løft over noko fjell.