Sørvesten gir mykje nedbør på Sunnmøre. Til dels vert dei største døgnmengdene målt ved sørvestlege vindar. Og sørvest bles det ofte.
Dei største nedbørmengdene legg sørvesten att i midtre strok. Men av dei stadene nedbøren har vorte målt systematisk er det Brandal som har fått mest nedbør i denne vindretninga. Vinden har gått over fjella på ytre Hareidlandet og ekstra nedbør har falle ned både i fjella og på lesida der Brandal ligg. På same måte som ved sør-sørvestleg vind. Lengre sør vert det, eller har vore, målt nedbør ved Fiskå, på Ekset i Volda, på Velle i Ørsta, og ved Sæbø. Alle desse stadene får rikeleg med nedbør i sørvesten, men ikkje spesielt mykje. Truleg er der lokale tilhøve som gjer at nedbøren vert moderat akkurat frå denne retninga. I dette området kan nedbøren godt vere større enn tala frå desse fire stadene tilseier.
Nord på Sunnmøre kjem der også rikeleg med regn i sørvesten. Vigra er flat og får ikkje spesielt mykje. Hildre ligg bakom Gamlemsveten, og truleg er det løftet frå denne som gjer at der kjem meir nedbør enn på Vigra.
På indre strok er nedbøren noko mindre, men også lengst inne, som i Tafjord, kjem der ein del, kanskje ein femdel av det som kjem i dei utsette stroka lengre vest.