Sør-sørvestlege vindar kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, og då som regel som regn i låglandet, også om vinteren. Denne vindretninga kan sume gongar gi samanhengande regn i meir enn eit døgn, og utan at vinden dreier særleg. Då kan det verte flaum, og sjølv om vinteren er det mildt nok til å gi regn høgt til fjells. Og om nedbøren skulle falle som snø i dei høgaste toppane vil dette vêret gi snøsmelting lågare nede, så flaumen kan likevel verte større enn nedbørmengda skulle tilseie.
Det er fjella sørvest på Sunnmøre som får største nedbørmengdene. På Brandal vart det målt nedbør i ein periode, og det hende at det kom over 100 millimeter på eit døgn i slike høve. Fjella på Hareidlandet gir heving til luftstraumen, sjølv om vinden har passert høgare fjell på vegen. Når lufta vert pressa over fjell vert nedbøren styrkt. Nedbøren dett ikkje berre beint ned på fjellet. Han vert ført med vinden og landar litt forbi fjellet. Slik som på Brandal som har fjell tett i sør og vest.
Lengre inne er fjella høgare, men her har vinden gått lengre over land, og meir nedbør er pressa ut av lufta på førehand. Kring Hjørundfjorden er nedbøren sikkert like stor som på Hareidlandet. Nedbørstasjonen i Bondalen registrerer også mykje nedbør i sør-sørvestleg vêr. Avstanden til fjella er større her sjølv om dei er bratte. Der kan godt vere mykje meir nedbør i fjella rundt enn det som er målt nede i dalen. Lengre vest, kring Austefjorden, Bjørkedalen og Dalsfjorden, er der truleg vel så mykje nedbør.
Nord på Sunnmøre kjem det litt mindre nedbør. Men stader som har fjell ikkje langt unna i sør og sørvest får mykje.
Sunnylven får truleg mykje nedbør. Lengre aust er nedbøren ein god del mindre, i Geiranger kanskje ein tredel av det som kjem lengre vest. Luftstraumen har passert gjennom ytre og midtre deler av Fjordane og møtt stendig høgare fjell. Først ved fylkesgrensa byrjar nedbøren å minke. Berre Tafjord er godt skjerma. Dit kjem det sjeldan nedbør når vinden bles frå sør-sørvest.