Lågtrykk som går langt nok sør slepp nedbøren frå seg lengre sør i landet. På Vestlandet kan synnavinden gi rikeleg nedbør nord til Stad. På Sunnmøre gir synnavinden frålandsvind og svekka nedbør. Men Sunnmøre er ikkje like godt skjerma som Romsdal. Fjella sør på Sunnmøre, frå Hjørundfjorden og vestover, er til dels like høge som fjella beint sør for dei. I dette området er ikkje nedbøren mykje svekt. Også på ytre strok er der nok fjell til å sette preg på nedbørmengda.
Synnavinden gir ikkje nær til så mykje nedbør på Sunnmøre som sørvesten gir. Heller ikkje varer den så lenge. Enten dreier vinden mot sørvest, eller så gir nedbøren seg etter nokre få timar som regel, i det meste eit halvt døgn. Utsette stader kan få opp mot 20 mm på denne tida. Nord på Sunnmøre kjem det knapt halvparten, og i aust er skjerminga best. Der kjem det nokre få millimeter, eller kanskje ikkje noko.