På Grønning i Valldalen har det vore målt snødjupner frå 1973. Denne plassen ligg så høgt og så langt frå sjøen at snøen samlar seg opp. Gjennomsnittet for 36 år viser at tidleg i januar har snødjupna i middel vore kring 55 cm, og i slutten av månaden kring 70 cm.
Eit gjennomsnitt som dette, utrekna for eit klima som endrar seg, seier litt. Men korleis er det for dei ulike tiåara? Naturlegvis var det meir snø før, sjølv om minkinga i snømengd har vore mindre dramatisk enn i eit mildare klima ute ved kysten. Det var på slutten av 1980-talet og ut gjennom heile 1990-talet at det jamnt over var minst snø på Grønning i januar. Sidan har det vore bort i mot ei normalisering med omsyn til snømengd.