Januarsnø

Januar er ikkje lengre slik månaden brukte å vere. Det er sjeldan mykje snø i låglandet. I Ørskog har det vore observert vêr og m.a. snødjupner sidan 1957. Fram til 1970 brukte snødjupna i middel å ligge rundt 30 cm. Så kom det nokre snøfattige vintrar, deretter ein periode frå midt på 1970-talet til langt ut i 1980-åra då det igjen var snødjupner nesten som i 1960-åra. Siste tjue åra har snødjupna i middel vore i overkant av 10 cm.
På Sunnmøre har vi vore vane med at snøen kjem og reiser att i låglandet gjennom vinteren. Ein må opp i høgda for å finne stader der snøen samlar seg opp og veks ut gjennom januar. Før var det også slik i snørike bygder i låglandet. Statistikken for Ørskog gjennom 52 år viser at i middel har snødjupna vore omlag den same både tidleg og seint i januar. Desse tala seier ikkje noko om kva slags snø det har vore. Kan hende har det vore meir kompakt snø i slutten av januar.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.