Flaum

+8 grader, overskya, sørvestleg liten kuling, regnbyer. Det byrja å regne seint i går. Elvane er store, slik dei er nokre få gongar i året. Ein kombinasjon av regn og snøsmelting denne gongen. Skydekket er høgt. I sjøen er floa høg.
I går var det overskya, lenge opplett, vind frå søraust, for det meste bris. Også dei låge skyene drog frå søraust. Seint om kvelden kom regnet som har vore jamt og stritt. I dag har regnet gått over til byer, og til havs er skydekket innimellom lysare, slik det er når det dannar seg haug- og byeskyer i staden for nedbørskyer.
Laurdag bles det friskt frå sør, lettskya om morgonen, sidan skya det over, og om natta kom det regn som ga seg neste morgon.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.