Vinter

Det har gått ein halv månad sidan sola snudde, og no har det allereie vorte merkbart lengre lyst om ettermiddagane. Men medan sola stig held gjennomsnittstemperaturen fram med å gå nedover i om lag tre veker til. Det er fordi det vert mindre mildvêr i samband med vestavind og nordavind. Havtemperaturen går nedover lenge enno. Sjølv om slutten av januar oftare er kald enn byrjinga er det starten på januar som er tida for kulderekordar. Denne tida kan det vere store svingingar i temperaturen.
Statistikken fortel at vi framleis har det meste av vinterkulde framom oss. Med vinden er det annleis. Det brukar å verte meir og meir vind framover vinteren, men her er toppen nådd ved nyttår. Så nå bør vi allereie ha meir enn halvparten av forekomstane av sterk vind bak oss. Men dette er gjennomsnitt.
Om ei veke er midtvinter nådd i samsvar med tidsrekninga på primstaven. Det passar bra med at vinteren ser ut til å vere på det strengaste då. Kulde seint på vinteren kjennest ikkje like ille fordi det gjerne er mindre vind, mindre nedbør, og kanske sol midt på dag.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.