Monthly Archives: januar 2009

Nedbøren på Sunnmøre i vest-sørvestleg vêr

Vind frå vest-sørvest er til vanleg litt kjøligare enn sørvesten uansett tid på året. Men vest-sørvestleg vind kan også vere mild, og det er då nedbørområda med mykje nedbør kjem. Elles er vind frå vest-sørvest meir prega av byer enn … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Mildt

I føremiddag +7 grader, sør lett bris eller svak vind, opplett og skya eller overskya. No i ettermiddag lett regn. Meir nedbør inne i fjella. I går var det nokre lette dropar, men turt heile tida.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Sørvesten og nedbøren på Sunnmøre

Sørvesten gir mykje nedbør på Sunnmøre. Til dels vert dei største døgnmengdene målt ved sørvestlege vindar. Og sørvest bles det ofte. Dei største nedbørmengdene legg sørvesten att i midtre strok. Men av dei stadene nedbøren har vorte målt systematisk er … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Synnavind

Søraust frisk bris, +5 grader, skya. Synnavind i dag, her i dalen vert denne vinden avbøygd og kjem ned frå søraust. Skyene, det er mest bukleskyer, driv frå sørvest. Høgare oppe er der fjørskyer som driv frå vest-sørvest. Desse ulike … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren på Sunnmøre i sør-sørvestleg vêr

Sør-sørvestlege vindar kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, og då som regel som regn i låglandet, også om vinteren. Denne vindretninga kan sume gongar gi samanhengande regn i meir enn eit døgn, og utan at vinden dreier særleg. Då kan … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Flau vind

Søraust flau vind, 0 grader, skya, mellomhøge skyer.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Stjerneklart

Klart, søraust svak vind og -2 grader. Før middag var det lettskya, flau vind og +3 grader.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren på Sunnmøre i synnavind

Lågtrykk som går langt nok sør slepp nedbøren frå seg lengre sør i landet. På Vestlandet kan synnavinden gi rikeleg nedbør nord til Stad. På Sunnmøre gir synnavinden frålandsvind og svekka nedbør. Men Sunnmøre er ikkje like godt skjerma som … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Lagskyer

+2 grader, søraust flau vind, overskya. Eit dekke av lagskyer over himmelen før middag. Seinare skyer i to nivå, det nedste kan vel kallast bukleskyer. Skyene driv frå sør-søraust. Det held nedbøren vekke. I går kveld var der nokre dropar … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilskying

+3 grader, søraust flau vind og lettskya før middag. No er det nesten overskya, men stort sett berre skyer høgt oppe. I går var det lettskya, +5 grader, søraust svak vind, rennefok på fjelltoppane.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget