Stormar i desember

I desember bles det mykje. I ein gjennomsnitts desember månad når vinden på Svinøya full storm 2-3 av dagane. Sterk storm i desember førekjem om lag tredje kvart år, men det kjem i snitt to slike i desse månadane, sidan det fort kjem fleire stormar i urolege tider. Vindstyrken orkan førekjem i middel kvart sjette år.
Det er enda oftare full storm i desember enn det er i november, og frekvensen av stormar aukar litegrann utover i desember. Styrken i stormane vert også større. Sjansen for sterk storm er dobbelt så stor seint i desember i høve til tidleg i månaden.
Stormar heng saman med skyer og nedbør. Vinden kjem oftast frå ein sektor mellom sør og vest. I desember heng stormane også saman med høge lufttemperaturar. Dei dagane vindstyrken når full storm ligg temperaturen i middel over to grader over normalen. Over land er dette avviket større, fordi dei fleste stormane fører mild havluft inn over land, og fordi stormar gir omrøring i lufta, og skyer som dempar den langbylgja utstrålinga av varme.
Den gjennomsnittlege vindstyrken på Svinøya i desember har auka litt gjennom femti år. I perioder med milde vintrar, slik som rundt 1990 og tidleg på 1970-talet, har det vore fleire desemberstormar enn elles. I desember har kulden etablert seg i dei kalde stroka i Arktis og inne på kontinenta. Sjølv om det er mildt i våre område finst det nok av kulde andre stader til å lage dei temperaturmotsetnadene som driv stormane.
På Vigra har utviklinga gått motsett retning i høve til Svinøya. Vinden i desember har minka gjennom femti år. Slik som i dei andre månadane i året. Her er det nok tilvekst av skog og bygningar som gjer utslag.
Dette innlegget vart posta under Klima. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.