Monthly Archives: november 2008

Nordvest

No har vinden frå vest og nordvest vart lenge nok til at det er luft heilt frå Arktis som kjem inn over landet. Denne er naturleg nok kald, men ferda over hav mildnar lufta nedanfrå, og tilfører fukt samstundes. Vinden … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Snøbyer

Heile dagen snøbyer, vest-nordvest bris, overskya eller skya. No i kveld to kuldegrader. Enno ikkje ti centimeter snø nede ved sjøen. Kanskje femten centimeter litt høgare oppe.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Novemberkulde

Kalde novemberdagar og netter har vorte sjeldnare. Få stader på Sunnmøre har lange måleseriar som viser minimumstemperaturar. I Tafjord går denne måleserien attende til 1954. Det gir ei rekke på 54 år å sjå på, frå 1954 til 2007. Dei … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Ruskevêr

Fire varmegrader, vind frå vest-nordvest, for det meste bris, men kuling når ei ny bye kjem med hagl og regn. Nedbør heile dagen, men mellom byene kjem det berre nokre dropar. Overskya heile tida, ganske mørkt under byene, lysare mellom. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Haglbyer

To varmegrader, vestavind med hagl- og snøbyer, for det meste bris. Skya eller overskya, iblant skimt av blå himmel og den typiske forma på toppen av byeskyer. Berr mark, men kvitt på vegar.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt for ein dag

Sørleg bris, +6 grader, opplett sidan seint i går kveld, skya med både låge og høge skyer, sørvestleg drag i dei låge skyene, som ikkje tek ned på fjelltoppane. Lite kvitt att på markane. Stort sett kvitt over 250 moh.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordavind

+1 grad og snø- eller hagbyer i kveld. Rolege vindtilhøve, men nordavinden når visst ikkje til i Vaksvika. I går var det tungt vêr, overskya og regnbyer. Sørvestleg vind, liten kuling på litt utsette stader. Slik heldt det fram i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sørvest

Fem varmegrader og til dels opplett i dag. Laber bris frå sørvest. I natt har det regna og blese. Vanskeleg å seie kor sterk middelvinden har vore, frisk bris eller liten kuling. No er sikta god, og fjella synlege nesten … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grått

I dag har det vore ein av dei grå og triste novemberdagane. Det har likevel vore greit å drive utearbeid. Overskya, lett regn, +5 grader, svak vind, skodde på fjella.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Novembernedbør

Den fritt tilgjengelege databasen til Meteorologisk Institutt er grei å bruke når ein vil ha svar på spørsmål om korleis vêret har vore i distriktet. November er ein av dei fire nedbørrike månadane på slutten av året. Målingar i Ørskog og … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget