November er ein månad då det ofte førekjem stormar. Svinøya ligg nær Stad og ligg utsett til. Målingar i perioden 1957-2007 viser at 97 gongar har vinden nådd styrke full storm ein eller annan gong gjennom døgnet. Det vil seie at når vindstyrken har nådd maksimum har middelvinden for ein periode på ti minutt vore oppe i full storm eller enda meir. Det tyder at full storm førekjem rundt to gongar i ein typisk novembermånad. Det er likevel slik at det bles storm berre ein mindre del av tida i desse døgna. Mesteparten av tida har det nok blese kuling.
I 18 døgn gjennom desse 51 åra har vinden vore oppe i sterk storm. Altså om lag ein gong kvart tredje år. Ein av desse gongane vart det målt vindstyrke orkan. Slike vindstyrkar er det helst når vinden bles mellom vest og sør. Saman med slik vind brukar det å kome rikeleg regn inn over land. Temperaturen i stormane brukar å ligge rundt normalen for november. Stormar brukar det å vere i møtet mellom varm og kald luft. Inne over land heng stormar likevel saman med temperaturar over normalen. Roleg vêr, spesielt når det er lite skyer, gir avkjøling nær marka.
Det var spesielt på 1970-talet og 1980-talet at det var mykje stormar i november. I denne perioden var det også mange kalde vintrar. Kulde gir skjerpa temperaturmotsetnader, som igjen gir kraftige lågtrykk. Når isen og kulden er langt vekk manglar ein ingrediens som skal til for å gi sterk vind. Det ser ut til at dette betyr meir i november enn seinare ut over vinteren.