Kulde

Åtte og ei halv kuldegrad i kveld. Stjernklart. Det ligg minst ein halv meter snø på marka. Svak vind frå aust.
Vêret roa seg natt til i går. I går om morgonen var det delvis skya opplett. Dagen vart fin. Nærare kysten kom det nokre lette haglbyer om kvelden. Utan pålandsvinden kjem ikkje byeskyene langt inn over land. På Vartdalsstranda var det i overkant av ti centimeter snø. Men denne var fast og bar lett ein skigåar.
Skiføret har vore flott. God gli og snø som bar godt, og som det gjekk godt å styre i. Småelvane oppe i høgda var tilfrosne. Nordleg svak vind på utsette stader. Og solskin der sola enno når.
Dette innlegget vart posta under Vêr. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.