No har vinden frå vest og nordvest vart lenge nok til at det er luft heilt frå Arktis som kjem inn over landet. Denne er naturleg nok kald, men ferda over hav mildnar lufta nedanfrå, og tilfører fukt samstundes. Vinden frå nordvest kryssar tvers over den milde havstraumen utanfor norskekysten. Er vinden sterk vert tida lufta treng for å passere denne straumen tilsvarande kort. Dermed vert oppvarminga av nordvestkulingen lita. Når vinden dreier beint nordleg kryssar lufta den milde havstraumen på skrå, og spaknar vinden i tillegg vert tida lufta brukar over det milde havområdet tilsvarande lengre. Derfor hender det ofte at temperaturen stig litt når vinden dreier frå nordvest til nord.
På kysten av Møre er det kort veg frå dei ytste øyane og inn til fjella. Nordvesten går beint inn mot land og vert fort bremsa av fjella. Andre deler er norskekysten er meir utsett for sterk vind frå nord og nordvest. I Trøndelag er det langt frå øyane og inn til fjella. Mellom Stad og Jæren bles nordlege og nordvestlege vindar langs med kysten og vert ikkje bremsa opp.