No når det nettopp har vore fullmåne (i går) ville det vere kjekt med klarvêr slik at månen fekk lyse opp i nettene. Men dette ville innebere frost, og det er ikkje berre kjekt. Aller lysast vert det når det ligg snø, men det har også sine føremonar at denne ikkje er komen.
Denne morgonen er så mørk og regntung at det er vanskeleg å merke at månen står høgt og lyser nesten fullt. I går på ettermiddagen var det sprekker i skydekket og opplett slik at månen var synleg rett etter oppgang. Midt på dagen hadde det kome nesten umerkande nedbør som gjekk fort over. Morgonen var delvis skya med høge skyer som dreiv frå nordvest eller vest, så kom der lågare skyer som dreiv frå sørvest eller sør.