I går var det lettskya med berre skyer høgt oppe på himmelen, og solskin dei plassane som har fri sikt mot sør. Skyene dreiv lite, og vind var det lite av. Mot kvelden vart det kjøligare, men lite frost sjølv i grunnen. Med lite skyer og lite vind kan ikkje lufttemperaturen halde seg oppe denne tida. Marka misser varme pga. utstråling, og tek varme frå lufta som i sin tur vert kjølt ned. Kjøligare luft vert tyngre og let seg vanskeleg kvervle opp av ein svak vind i høgda. Då vert lufta ved marka fråkopla vinden i høgda og legg seg enda meir til ro.
I dag er det fem varmegrader, for det meste opplett, og flau vind. Skyene, som har trekt over det meste av himmelen, og også gøymer dei høge fjelltoppane, driv sakte frå vest-nordvest.