Austavind

Aust laber bris i dag. Lettskya, berre litt fjørskyer på himmelen. No i kveld delvis skya, rukleskyer, +8 grader. Trass i høg lufttemperatur finst det is på vegane og i marka. Vegane er likevel for det meste turre. At det er is på vegane kjem dels av at den turre vinden dreg både vatn og varme frå vegane. Vatnet vert til damp, og dette krev varme som vert teken frå vegen vel så mykje som frå lufta. Ein annan grunn til at vegen og marka er kaldare enn lufta er klar himmel og utstråling. Himmelen gir nesten ikkje varmestråling attende. Det betyr lite for lufta, for denne sender heller ikkje ut mykje varmestråling. Men underlaget sender ut rikeleg varmestråling, og når det kjem lite attende vert det heile eit minusrekneskap der underlaget taper varme. Midt på dag er det sjølvsagt litt innstråling frå sola, men denne tida på året gjer det lite på seg. Det er likevel nok til at rimet på marka vert teke vekk i sørskråningar.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.