Langt opp til snøen

Mildvêret i helga klarte å ta vekk snøen langt opp i fjellsidene. Etterpå kom det høgtrykk. Sjølv om det er høgtrykk kan gråvêret halde seg lenge denne tida berre det er ein svak pålandsvind. I går var morgonen mørk og fuktig med skoddeskyer og lett regn. Etter kvart ga nedbøren seg, og ut på dagen sprakk skydekket litt. I dag var det klart og fint. I vest låg skodda nesten ned til sjøen medan det var strålande klart over 400 moh. Melshornet på Hareid stakk fint opp over skodda.
Det treng elles ikkje vere pålandsvind for å lage skodde i november. I dag var det stilt. Skodda var der fordi det er mildt i høgda, truleg svak vind frå sør, og kjøligare luft under. Lufta over land vert fortare nedkjølt enn havlufta.
Oppklarning seint på hausten tyder nedkjøling av marka. Denne tek så varme frå lufta, som vert nedkjølt på etterskot. Sjølv om lufta held varmegrader kan det vere rim på marka og glatte vegar. Spesielt asfalten vert raskt avkjølt.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.