7 mm regn på eit og eit halvt døgn. I går på føremiddagen var det opplett, tiltjukning med lagskyer, og bukleskyer under. Mildt. Seinare kom det vind frå sør, og regn. Mot natta dreia vinden vest-sørvest. Morgonen var bra, skya og opplett. Sidan har det regna, etter kvart som byer. No i kveld er det opplett og +6 grader.
Var ein tur til Vartdalsstranda i helga. Der bles det kraftig frå sør saman med eit moderat regnvêr. Torsdag kveld bles det minst like kraftig frå sør. Då var det turt. Det har også vore spreidde lyn siste dagane, helst nær kysten.