Det er ein ruskut haustdag. Her i bygda har det blese frå sørvest, kanskje opp i liten kuling. Då bles det mykje meir på utsette stader. Svinøya er ein slik stad. Med sjø rundt har det ikkje kome endringar til som påverkar vinden lokalt. Målingar for oktober siste femti åra viser at av desse var det minst vind dei første ti åra (1958-1967), og dei ti siste (1998-2007). I mellomtida var det oftare sterk vind denne tida om hausten. Temperaturmålingane viser ein motsett kurve, med høgast temperatur dei ti siste og dei ti første åra, og kjøligare oktobermånader i åra mellom. Dette tyder på at det bles meir om hausten er kjølig. Ein slik konklusjon er litt enkel. Inne på land gir lite vind ofte låge temperaturar nær marka, spesielt når det er lite skyer. Over sjøen er det annleis.
Milde haustar tyder kanskje at hauststormane kjem seinare. Dei åra det var kalde vintrar kom kanskje kulden frå Arktis allereie om hausten og skjerpå temperaturmotsetnadane. Ein periode på 1970/80-talet utmerker seg. Om vinteren kom høgtrykket i aust og pressa lågtrykka sørover og ga sume tider roleg vintervêr på våre kanter. Det hende oftare då enn no at stormane kom om hausten i staden for om vinteren.