Regnbyer

Regnbyer frå i går kveld til før middag i dag. 11 mm. +5 grader om morgonen. Overskya. Opp til +9 seinare. Nysnø til 700 moh. Svak vind, seinare lett bris. Om ettermiddagen ei stund delvis skya og sol. Berre bukleskyer. Før solnedgang har det skya til med slørskyer og tjukkare skyer i høgt på himmelen i sør, og litt bukleskyer under. Ein opptrekkssituasjon. Bukleskyene dreg frå sørvest og dei høge skyene sakte frå vest.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.