Oktoberklima på Sunnmøre

No midt i oktober, med typisk haustvêr, er det lite som minner om eit mildare klima. Denne månaden er eit av unntaka som ikkje viser trend mot høgare temperaturar. Målingar på Vigra frå og med 1958 viser stabil gjennomsnittstemperatur desse femt åra, naturlegvis med årlege svingingar. På Vigra kan ein vente rundt +10 grader først i månaden, og under +7 i slutten av månaden. Også skymengda ser ut til å halde seg omkring eit stabilt gjennomsnitt, men talet på klare dagar har gått attende. Til og med nedbøren har minka litt. Dei mest nedbørrike oktobermånadane har kome kring 1970-1985. Elles er det slik at første halvdelen av oktober har vore noko våtare enn siste halvdelen, ein skilnad på ti prosent. Statistikken viser også at vinden har minka gjennom desse femti åra.
At vinden har minka kjem nok av tilvekst av skog og bygningar. Nedbøren og temperaturen må derimot forklarast med utviklinga i større skala. Oktober er så seint at finvêr helst heng saman med låge temperaturar unnateke midt på dag. Men det er ikkje dette som forklarer at det mildare klimaet ikkje har kome i denne månaden.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.