Monthly Archives: september 2008

Austleg bris

Det heldt seg opplett i går. Skydekket var skiftande, til dels overskya, men aldri tjukke skyer. Midt på dag hindra lagskyene sola i å vise, men etter kvart løyste lagskyene seg opp i rukleskyer. I dag er det delvis skya. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett

1,7 mm regn til i dag. Opplett og skya denne dagen, til dels overskya, og lett bris. Berre høge skyer, lagskyer og rukleskyer. Stort sett ikkje sol.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lite regn

I dag har det vore overskya, seinare skya, og opplett. Bukleskyer dekker mykje av himmelen. No i ettermiddag er det blått bakom, men i føremiddag låg lagskyene bakom og gjorde himmelen mørkare og gråare. I natt kom det 0,7 mm … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skyar til

No om morgonen er det framleis lettskya i aust. I sørvest ligg bukleskyer. I mellom ligg det tynne skyer. Månen viser gjennom desse. Ingen rung rundt månen. Truleg er det slørskyer. Kan også vere lagskyer. Temperatur +7 grader.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regnet ikkje langt unna

Skya om morgonen, seinare delvis skya og mykje sol. Opplett heile dagen. Nokre mil lengre sørvest regna det litt om morgonen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skya dag

Bra fint i dag. +9 om morgonen. Over +15 ut på dagen. Skya med bukle- og haugskyer. Noko sol. Lett bris.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fint igjen

Barometeret har stige. I går kveld sprakk skydekket opp, og om morgonen i dag var det klart over land. Ytst på kysten låg det skodde og haugskyer over øyane. Så kom haugskyene over land om dagen. Dei dekte over halve … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forandring

På slutten av den fine solskinsdagen i går dukka det opp band med fjørskyer på himmelen. Desse viste tydelege meiformer. Dei dreiv sakte frå nord eller nordaust. I natt kom det regn, og framleis regnar det lett i morgontimane. Det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Turt

Denne veka har det vore fritt for nedbør. Skydekket har vore skiftande. Til tider har parti med bukle- eller rukleskyer dekt det meste av himmelen. Tysdag kveld skya det til sørfrå, men lågtrykket gjekk så langt sør at det vart … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellombels tilskying

Tidleg i dag trakk eit dekke med høge skyer over det meste av himmelen. Draget var frå aust. Midt på dag sprakk dette opp, og på tidleg ettermiddag er det delvis skya, mykje sol, og +17 grader. Det bles ein … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget