Litt sol, og halve himmelen dekt av rukleskyer eller lavare skyer. Nokre har diffus mandelform som vitnar om vind i høgda. Austleg drag i skyene. Også ein del fjørskyer siste døgnet. +10 grader kl 12. Svak vind.
Såg ein del rukleskyer av typen fåreskyer i går ettermiddag. Desse markerte heller slutten på eit lågtrykk enn varsel om eit nytt.