Eit typisk lågtrykk som ikkje er kome for langt i utviklinga er omgitt av relativt kald luft i havnivå unnateke ein sektor sør for senteret. Dette er varmsektoren. Aust for varmsektoren ligg varmfronten, og vestafor ligg kaldfronten. Nedbøren i lågtrykket er knytt til frontane. Passerer lågtrykkssenteret nordafor observatøren kjem nedbøren i to omgangar. Først den jamne og langvarige nedbøren i varmfronten, så nedbøren i kaldfronten. Denne kjem på kortare tid, og gjerne som byer som kjem så tett at det ikkje er heilt opplett mellom.
Der er også nedbør andre stader i lågtrykket. Denne er knytt til temperaturkontrastar mellom lufta og underlaget. Bakom (vestafor) kaldfronten er lufta kaldare enn underlaget. Dette gir ustabil luft og byer. Desse byene er små i horisontal utstrekning og med god avstand i mellom. Det vert kortvarige og gjerne intense byer, og lengre perioder med opplett. I varmsektoren er lufta stabil, noko som kan gi skoddeskyer og yr.
Denne framstillinga gir eit bra inntrykk av eit lågtrykk over flatt underlag, spesielt over hav. Land kompliserer fordi temperaturen i underlaget endrar seg fort og fordi lufta ikkje så lett bles vekk. Fjell kompliserer vêret i lågtrykket mykje.
I det siste lågtrykket kom det ikkje regn der varmfronten "skulle vere". Når lufta over land var så varm som ho var tidleg i veka kan ein undre seg over om varmlufta som kjem sønnafor lågtrykket i det heile kjem med stigande temperatur og kontrastar. I så fall vert det lite att av varmfronten. Og nordafor Stad gir ikkje dei sørlege eller sørvestlege vindane i varmfronten mykje heving mot fjella. Er vinden sørleg vert det tvert i mot fallande luft og oppløysing av nedbør.
Kaldfronten ga derimot skikkeleg temperaturkontrast. Det har vorte åtte grader kaldare. Vestavinden vert pressa opp av fjella. 24 timar etter at kaldfronten kom kjem nedbørmengda til å overstige 40 mm.