Strålande haustdag

Morgonen var klar, med mykje dogg i graset. Minimumstemperaturen i natt var +5. Dette er litt i overkant for ei klar natt denne tida. Himmelen var klar, men sume stader låg det skodde langs fjellsidene, noko som vart betre synleg frå fjella. Til fjells bles det ein svak austleg vind. På toppen av Grytavasstinden bles det lett eller laber bris frå sør midt på dagen. Denne var nok styrkt av oppvinden i solsida. Lufta var rein, og sikta til fjells god. Dei fleste fjella framstod turre, men på Muldalsegga og Torvløysa var det nysnø etter regnet siste veka. Til havs var det ein del skodde eller låge haug- og bukleskyer. Inn over land låg skodda midt i fjellsidene, spesielt i Tresfjorden. Også i Velledalen var det litt skodde høgt i vestsida.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.