Monthly Archives: september 2008

Delvis skya

Litt sol, og halve himmelen dekt av rukleskyer eller lavare skyer. Nokre har diffus mandelform som vitnar om vind i høgda. Austleg drag i skyene. Også ein del fjørskyer siste døgnet. +10 grader kl 12. Svak vind. Såg ein del … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Rolegare

9,4 mm regn siste døgn. Spreidde regnbyer i går og i natt. I dag er det skya, +11 grader, gløtt av sol, svak vind og sørvestleg drag i både lave og høgare skyer. Bukleskyer dekker over halve himmelen, og rukleskyer ligg bakom og … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lågtrykk

Eit typisk lågtrykk som ikkje er kome for langt i utviklinga er omgitt av relativt kald luft i havnivå unnateke ein sektor sør for senteret. Dette er varmsektoren. Aust for varmsektoren ligg varmfronten, og vestafor ligg kaldfronten. Nedbøren i lågtrykket … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kaldfront

Spreidde haglbyer, for det meste svak vind, og +5 grader om morgonen. Skya, vestleg drag. 38,5 mm nedbør siste døgn. Midt på dag i går kom kaldfronten med kraftig regn. Halvparten av regnet siste døgn kom på 3-4 timar. Sidan har regnet … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vind

Regnet i går morgon ga seg snart. Det kom 0,2 mm etter kl 8, totalt 0,6 mm i dette svake regnvêret. Sidan på dagen var det stort sett opplett. Litt regn i fjella. Svak vestleg vind. I dag er det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lett regn

Overskya. Lett regn av og til i dag. 0,4 mm i måleglaset. +10 grader ute. Vindstilt. Vesleg eller sørvestleg drag i skyene. Heimste Skorkja, Sandegga, Storbotnshornet og Lauparen gøymde i skodde. Fremste Skorkja, Grytavasstinden og Lauparlægda skoddefrie. Nokre skoddedottar ved tregrensa. Skogen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lave skyer

Skya. Skyene ligg stort sett lavt, for det meste i sidene på fjella. Noko er skoddeskyer omkring 200 moh. Men skimt av ein blå himmel ovanfor.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mykje sol

Lettskya dag med berre fjørskyer på himmelen. Om kvelden skya det over med bukleskyer. Undersida på desse ligg 800 moh.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Strålande dag

Blå himmel og klart, unnateke skodde ned på sume lave fjell. Ti grader på føremiddagen, og flau vind. I går var det overskya til kvelden, då skydekket sprakk. Opplett frå føremiddagen. Det kom 1 mm regn etter kl. 8.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Våt natt

+10 grader. 7 mm i måleglaset. Første regnet kom i går kveld. Sidan har det regna, men ikkje samanhengande. No om morgonen regnar det lett, og skoddeskyene ligg ned til 200 moh. Vindstilt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget