Lågtrykk

Eit lågtrykk passerte i går. Dette ga først jamt regn, og deretter byger. Ei stund om morgonen var bygeaktiviteten liten, men i dag regna det friskt i nokre byger. Dette liknar på ein vanleg lågtrykkspassasje der kaldfronten har klappa i hop med varmfronten. Rett etter det jamne regnet kjem bygene som kaldluftframstøyten lagar ved å skape turbulens i varmlufta framfor. Så vert det ei stund med rolegare vêr fordi der ligg att varmluft høgt oppe som skaper stabilitet som undertrykker bygedanning. Når kaldlufta har trengt vekk all varmluft vert det så ny instabilitet fordi kaldlufta er kaldare enn underlaget og derfor tek varme frå dette. Då vert det oppvarming nedanfrå. No i kveld har bygeaktiviteten slutta fordi trykket er høgare og fordi turbulensen i seg sjølv er med på å hindre instabilitet.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.