Våt juni

Etter ei turr og varm veke i starten kom det mykje regn i resten av juni. Låge temperaturar kombinert med mykje nedbør gjorde at det la seg nysnø i fjella tre gongar. Og nysnøen rakk ikkje smelte heilt vekk før det kom enda meir. Dette er uvanleg. I juni brukar det vere så lite nedbør at sola tek vekk nysnøen straks. Nedbøren kunne til tider minne om hausten, med omsyn til mengde og temperatur, men vinden har vore svakare enn han brukar vere i uroleg haustvêr.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.